NM Mangekamp 20-21. mai

  • 19.06.2017 kl.16:03 i Friidrett
  • Bli den første som kommenterer! Instagram

Den 20. og 21. mai deltok eg på mangekamp NM på Arna Idrettspark. 10 øvelser på 2 dager, 5 øvelser per dag. Eg blei litt forkjøla den 17. mai, noko som nok satt meg litt tilbake i dei fleste øvelsane, spesielt 400m. 2-3 dager med forkjølelse er ikkje den beste oppladningen til ein 10 kamp, men eg valgte å delta da eg var på bedringens vei og det var et år til neste NM.

Rekkefølge øvelser:

Dag 1: 100m, Lengde, Kule, Høgde, 400m
Dag 2: 110m hekk, Diskos, Stav, Spyd, 1500m

Dag 1:

Dagen starta greit med 22 hundredeler bak pers på 100m og 32 cm bak pers i lengde. I kule blei det heilt mislykka med over ein meter bak pers. I høgde var eg over 1,58m i første forsøk, men reiv med hånda. Blei da ståande med 1,55m. På siste øvelse lørdagen blei det fryktelig tungt, da eg fekk syra etter rundt 250m på 400m. 6 sekunder bak pers på 400m er litt for mykje, så her blei eg nok litt hemma av forkjølelsen i forkant.

Resultat med pers i parentes:
100m: 12,57 (12,35)
Lengde: 5,25 (5,57)
Kule: 9,61 (10,75)
Høgde: 1,55 (1,63)
400m: 62,48 (56,50)

Dag 2:

Neste dag starta med pers på korthekken, hadde dog forventa ei raskare tid med tanke på treningen i forkant, men pers er pers. Klarte å holde 3 steg mellom hekkane fram tom. den femte hekken, før eg slo om til 5 steg mellom på resten. Det gjekk merkbart raskare med 3 steg enn 5 steg mellom. Litt stang ut i diskos, der eg var ca. 6 meter bak pers. I stav blei det nok ein pers, der eg reiv hårfint på 2,90m. Blei da ståande med 2,80m, pers med 15 cm. I favorittøvelsen spyd gjorde kort oppvarming og vanskelige vindforhold det vanskelig å kaste langt. Det blei 7,5m bak pers. På den avsluttande 1500 meteren havna eg i "vakuum" og blei springande heilt åleine store deler av løpet. I ettertid ser eg at eg burde ha lagt meg i rygg på den første gruppa, då dei ikkje sprang så fort som dei hadde tenkt. Eg kom i mål 15 sekunder bak pers.

110m hekk: 21,26 (21,xx)
Diskos: 28,24 (34,02)
Stav: 2,80 (2,65) 
Spyd: 47,50 (55,13)
1500m: 5,12 (4,57) 

Poengsum: 4231 (3979)

Sjølv om eg berre satt to nye perser blei det som forventa ny pers totalt i mangekampen, sidan det er 6 år sidan sist eg deltok i mangekamp. Det holdt til å bli nr. 4 av totalt 6 startende i NM. Med pers i samtlige øvelser, ville eg fått over 5000 poeng og fått bronsen i NM. Martin Roe frå idrettslaget FRI vant som forventa på heimebane, der han oppnådde pene 7514 poeng.

Resultatlink:
https://il-fri.no/IL-Fri.html?actions=534:content&idc=194

 

Tyskland 21. mai
Sigrid kasta for første gong over 60 meter med meget fine 60,35m i spyd i et stort stevne i Halle. Med det vant ho U23 klassen, persa med ein drøy meter og forbedra sin egen norske U23 rekord. VM kravet er på 61,40m.
I skrivande stund har Sigrid kasta endå lenger, meir om det i neste innlegg!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

26, Osterøy

Spydkaster, PB: 55,13m. Studert Dataingeniør på Høgskulen i Bergen. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner. Dei fleste bildene på bloggen er tatt med Nokia Lumia 920 og 930

Kategorier

Arkiv

hits