Ny pers i sesongåpningen

  • 25.05.2016 kl.23:18 i Friidrett
  • Bli den første som kommenterer! Instagram

Det gjekk som det måtte gå, det blei ny pers i dag! Heile tre kast over den gamle persen på 52,87m, det lengste landa på 55,13m. Dei to andre kasta over den gamle persen var på henholdsvis 53,34m og 54,76m. Sidan eg hadde den gamle klubbrekorden for menn i Osterøy IL, er 55,13m sjølvsagt også ny klubbrekord. Denne gangen kasta eg også lenger enn klubbrekorden med den gamle spydtypen. NM kravet på 58m har aldri vert nærmare. Det var sol og over 20 grader på Osterøy stadion i dag. 

Min treningspartner Sigrid Borge kasta allerede i mars 59,33m og klarte med det EM kravet. Det at ho kasta så langt, har trigga meg til å ville kasta langt også. Ho trenger nokon som kan "pushe" ho litt på trening, slik at ho kan bli endå bedre. På fredag skal eg kaste spyd igjen, då på KM på Fana stadion. Eg har bursdag på fredag og det var viktig for meg å perse før eg fyller 25 år, det klarte eg heldigvis i dag. Eg ser fram til å gi meg sjølv et godt resultat i presang! :D


Foto: Vidar Simmenes


Link til stevne:
http://osteroyil.no/?mapping=103&nyhet=2499

 

Har du persa i det siste?

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

24, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,87m. Studerer Dataingeniør på Høgskulen i Bergen. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner. Dei fleste bildene på bloggen er tatt med Nokia Lumia 920 og 930

Kategorier

Arkiv

hits