GNEISTSPELEN 2015

  • 22.08.2015 kl.18:37 i Friidrett
  • Bli den første som kommenterer! Instagram

God kveld!
I dag har deltatt på Gneistspelen på Fana stadion, der eg kasta spyd og sprang 100m. Tidsskjema var litt ugunstig for min del, sidan spyd og 100m starta nesten samtidig, men ein må berre gjere det beste ut av da. Eg fekk kasta to spydkast før eg måtte bytta til sprintskoa. Etter 100m gjekk eg tilbake for å kasta resten av kasta. Spydet landa på 50,61m i dag, som er rett bak årsbeste på 50,88m satt i Strandebarm. Persen frå i fjor er på 52,87m. På 100m sprang eg på 12,54 sek i motvind 0,4, ca. to tideler bak persen på 12,35 sek. Fornøyd med å kasta over 50m igjen, med tanke på at spydet i det siste ikkje har gått så langt.

Min gode venn Markus hoppa 6,55m i lengde, etter å ha slitt med å få gyldige hopp i dei fire første omgangane. Persen hans på 6,87m kan ryke når som helst!

 



Eit av dei bedre startnummer eg har brukt, dette blåfarga startnummeret ser 10 ganger bedre ut enn dei vanlige kvitfarga. Ellers må eg sei meg veldig fornøyd med premien eg fekk for andre plassen i spyd. I dei fleste friidrettsstevner får ein medalje, som forsåvidt er veldig kjekt for den yngre garde, mens me over 15 år føler at "premieskapet" allerede er overfylt med medaljer. I dag fekk eg et bærbart batteri til å lade mobilen med, ein såkalla "Power bank". Riktignok fekk eg også ein sølvmedalje, men trur du tar poenget. Det er mykje bedre å få premier som ein faktisk kan bruke og som kan vera nyttige. Medaljer gir meining viss ein deltar på NM, EM, VM eller OL, ellers foretrekker eg andre premier.


Har du et "premieskap" som er overfylt av medaljer/pokaler?

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

24, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,87m. Studerer Dataingeniør på Høgskulen i Bergen. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner. Dei fleste bildene på bloggen er tatt med Nokia Lumia 920 og 930

Kategorier

Arkiv

hits