Holmenkollstafetten

  • 12.05.2015 kl.12:12 i Friidrett
  • Bli den første som kommenterer! Instagram

I helga har eg vert i Oslo for å springa Holmenkollstafetten, populært kalt "vårens vakraste eventyr". Det er jo alltid sol og fint vær på Holmenkollstafetten og i år var ikkje et unntak. Osterøy IL stilte med to lag, et herrelag og et kvinnelag. Herrelaget sprang i klassen menn senior(38 lag), som er klassen under Menn Elite(19 lag). Me kom på 14. plass av 38 lag i klassen vår. Etter 3 etappar leda me klassen vår, etter veldig gode etappar av Trygve og Martin. Martin var raskast av alle på den 3. etappen, mens Trygve var raskast i vår klasse på 2. etappen, berre slått av 3 lag i eliteklassen.

Eg sprang 15. etappe, som er den siste etappen. Den er 610m lang, der dei første 70-80m er på asfalt, etterfulgt av tartandekke inne på stadion. Eg valgte å springa med piggsko. Veldig spesielt å springa med piggsko på asfalt, spesielt i svingen før maratonporten. Eg var raskast av alle i klassen vår etter 200m, da det gjenstod ein runde inne på stadion. Totalt for etappen hadde eg 7. beste etappetid i klassen vår, med tida 1.42. Eg fekk pinnen samtidig som et anna lag, heldigvis klarte eg å holda da andre laget bak meg heilt til mål.

Resultater:

http://holmenkollstafetten.no/resultater/

 


Herrelaget til Osterøy, eg er heilt til venstre på bildet.


Kvinnelaget til Osterøy

 

Sprang du Holmenkollstafetten?

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

23, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,87m. Studerer Dataingeniør på Høgskulen i Bergen. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner. Dei fleste bildene på bloggen er tatt med Nokia Lumia 920 og 930

Kategorier

Arkiv

hits