Ny pers i knebøy!

  • 08.03.2015 kl.23:12 i Trening
  • Bli den første som kommenterer! Instagram

God kveld!
Lenge sidan sist innlegg ser eg, så då var det på tide med et nytt innlegg.

I helga har eg vert med å hjulpet til på NM i Friidrett innandørs for veteraner (35år++). På lørdag hjalp eg til som funksjonær i lengde og i dag hjalp eg til i tresteg. Bakte også kake til kiosken lørdag. Etter eg var ferdig på lørdag, tok eg ein tur på Osterøy treningssenter. Der møtte eg på den alltid smilande Bjarte, som stadig får meg til å løfta tyngre. Etter at eg hadde trent øvelsane vending og rykk, var det klart for knebøy. Før økta var persen min 2*110kg. Etter oppvarming tok eg nokon serier på 105kg, dette gjekk fint, så bestemte meg for å prøve på pers. Persa då først med 4*110kg, for så å klare 2*115kg og til slutt 1*120kg. Med andre ord lyder den nye persen min i djupe knebøy på 120kg! :)

Etter at eg var ferdig som funksjonær i dag, tok eg toget til byn for å jogga ein rolig tur på Fløyen. Sprang først litt rundt Store Lungegårdsvann, så inn til Svartediket og opp til Fløyen.


120kg

 

Har du persa på trening i det siste?

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

23, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,87m. Studerer Dataingeniør på Høgskulen i Bergen. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner. Dei fleste bildene på bloggen er tatt med Nokia Lumia 920 og 930

Kategorier

Arkiv

hits