Brakvatnet Halvmaraton

  • 05.11.2014 kl.11:28 i Friidrett
  • Éin hyggelig kommentar Instagram

På lørdag sprang eg min første halvmaraton nokonsinne. 21.097,5 meter er ikkje noko for pyser, for å sei da sånn og det blir vel neppe bedre av at det er i ulendt terreng. Mange meiner dette er den tøffaste halvmaratonløypa du kan springa. Løypa består av 8 rundar rundt Brakvatnet(ca. 2,6 km) + 337,5m. Underlaget er for det meste grus og litt asfalt.


Tipper dette bilde blei tatt på ein av dei siste rundane.


Eg kom meg i mål på ein time, 37 minutt og 22 sekund, altså 1:37:22. Målet mitt før løpet var å komme under ein time og 40 minutt, så eg er veldig fornøyd med tida. Den første runden min var raskast, sjølv om eg hadde bestemt meg for å holde igjen på første runden. Følte at eg klarte å holde igjen greit, med tanke på at dei fleste eg sprang første runden med kom i mål på mellom 1.40 og 1.50. Andre og tredje runden gjekk ganske seint, før eg på den fjerde runden satte opp tempoet. Frå fjerde runde og til eg kom i mål, tok eg igjen løparar på kvar runde. Veldig motiverande og gøy å springa, når ein heile tida ser nye ein kan ta igjen foran seg.

Akkurat i det eg passerte sju runder, fekk eg krampe i leggen. Det bidro sterkt til den noko lave farten på sisterunden. Eg skjønte at så lenge eg holdt krampen på avstand, ville eg klara målet mitt. I spurten kom krampen for alvor tilbake, men med få meter igjen gjekk det fint. Været var bra i starten, men rundt halvveis ut i løpet kom regnet. Etter løpet fekk eg så voldsomt krampe at eg brukte rundt 10 minutt på å komma meg inn i bilen. Forbipasserande lo og spurte kvifor eg dansa.

Eg vant et gåvekort frå Lerøy på startnummer.

 Bilder

Resultat

Har du deltatt på halvmaraton eller har du planer om å delta?

Én kommentar

vildevatn

05.11.2014 kl.11:31

Kjempebra innlegg :D

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

23, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,87m. Studerer Dataingeniør på Høgskulen i Bergen. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner. Dei fleste bildene på bloggen er tatt med Nokia Lumia 920 og 930

Kategorier

Arkiv

hits