Stoltzekleiven Opp

  • 26.09.2014 kl.23:45 i Trening
  • Bli den første som kommenterer! Instagram

God kveld!

I dag har eg deltatt på motbakkeløpet Stoltzekleiven Opp i Bergen. Over 300 høgdemeter fordelt på 900 meter. Og det er bratt, skikkelig bratt. Forrige fredag var eg i løypa for å bli kjent med og teste den. Då gjekk eg først rolig opp på 17,10(tok ein del bilder underveis), så gjekk eg ned igjen for å bruke litt meir krefter. Andre turen brukte eg 13,45. Må innrømme at eg var litt i tvil på om eg ville klare målet mitt på under 12 minutt etter testløpet forrige fredag.




I dag tidlig stod eg opp ca. 3 timar før løpet. Spiste ein solid frukost beståande av havregrynsgraut. Eg ankom Bergen med toget 1 time og 15 min før eg skulle starta. Gjekk bortover mot sentrum og opp til Fjellveien. Den første eg såg der, var Linda Eide, som eg visste skulle starta 2 min foran meg. Eg kom til start 40 min før min start og starta oppvarminga. Klokka nærma seg tolv og starten min gjekk. I starten er det veldig lett å gå ut for hardt, heldigvis klarte eg å holde litt igjen. "Hold igjen, Hold igjen", sa eg til meg sjølv. Passerte ganske mange andre løparar på veien min oppover, men dei fleste gav meg meir enn nok plass til å komme forbi. Ein liten fartsøkning måtte til for å komme forbi enkelte, så det gjekk tidvis i rykk og napp. Var utrulig glad for å sjå skiltet "100m igjen til mål", som står rett foran tretrappene. Kom til tretrappen og klokka viste lave 10 minutter og da ante eg et lite håp om å klara målet mitt på under 12 minutter. Eg blei klokka inn på tida 11,51, nesten to minutt bedre enn testløpet mitt for ei veka sidan. På det tidspunktet låg eg på 10. plass i klassen min(menn 18-34 år). Etter fredagens resultater ligger eg på ein 39. plass i klassen min.

 



Et par hundremeter frå målområdet fekk ein banan, varm solbærtoddy og sekken med varme klede.




Har du eller skal du delta på Stoltzekleiven Opp i år?

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

23, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,87m. Studerer Dataingeniør på Høgskulen i Bergen. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner. Dei fleste bildene på bloggen er tatt med Nokia Lumia 920 og 930

Kategorier

Arkiv

hits