Stevne Osterøy stadion

  • 19.08.2014 kl.23:34 i Friidrett
  • Bli den første som kommenterer! Instagram

På mandag blei det arrangert friidrettsstevne på Osterøy stadion. Spyd var ikkje på programmet, så eg deltok på løp. Sprang først 60m på 7,90 sek, som er rett bak persen på 7,81 sek. Etter 60m sprang eg 150m, som for øvrig er ein veldig sjelden øvelse. Det var berre tre stk som sprang denne distansen, Joakim Dang (Gular), Naomi Van den Broeck (Hovding) og eg. Joakim og Naomi satte begge to banerekord, henholdsvis for menn og kvinner. Joakim fekk tida 16,97 sek, Naomi fekk 18,29 sek, mens eg fekk 18,84 sek (pers).

Minutter etter at eg kom i mål på 150m, sprang eg 800m. I ettertid ser eg at eg kanskje fekk litt liten pause mellom løpa. På 800m var planen å åpne første 200m på 31 sek og å ikkje ta teten. Den planen gjekk i vasken, for eg tok teten og åpna på 29 sek med motvind på bortre langside. Dette resulterte i at eg stivna ganske heftig etter 500m. Eg fullførte løpet, men hadde veldig lyst til å bryte løpet etter 500m. Tida blei 2.19,44, som er et godt stykke bak persen min på 2.13,14.


Foto Vidar Simmenes

Resultat og bilder

Ellers må eg få lov til å gratulera min spydkollega Sigrid Borge som nordisk mester u20 og et kjempekast på 53,50m i spyd!

 

 

Dette innlegget er det første som er skrevet på nettbrettet mitt, Nokia Lumia 2520.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

23, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,87m. Studerer Dataingeniør på Høgskulen i Bergen. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner. Dei fleste bildene på bloggen er tatt med Nokia Lumia 920.

Kategorier

Arkiv

hits