Klar for Veidekkelekene - Lillehammer

  • 19.06.2014 kl.23:28 i Trening
  • Bli den første som kommenterer! Instagram

Det nærmer seg helg og Veidekkelekene på Lillehammer. Frå Osterøy er det 12 stk. påmeldt. Me skal bu i ei hytte, et par spydkast frå stadion. Eg skal delta i spyd lørdag, diskos og 100m på søndag. Nettsida til stevnet er http://veidekkelekene.lillehammer-if.no/


Ser fram til å springa 100m med nye piggsko. Legg merke til tigeren under skoa!

I går trente eg med Trygve og Ingrid. Me jogga frå Kvisti opp til Tveitane og ein liten runde i skogen, også til Kvisti igjen. Turen tok omtrent 40 minutter. Etterpå trente me litt spenst, først spranglauf i ein bakke og til slutt vristhopp.


Alltid gøy å trena med desse to.

I dag blir det treningsfri for min del og i morgen reiser eg til Lillehammer!

Ønsker alle som skal delta lykke til i helga!

 

Ka skal du gjere i helga?

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

23, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på Høgskulen i Bergen. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner. Dei fleste bildene på bloggen er tatt med Nokia Lumia 920.

Kategorier

Arkiv

hits