Stevne Osterøy stadion

  • 22.09.2013 kl.22:48 i Friidrett
  • Éin hyggelig kommentar Instagram

God kveld!

I dag har eg deltatt på et stevne på Osterøy stadion. Før eg kom på stevnet hadde eg bestemt meg for å springa 1000m. Eg endte opp med å springa 80m og hoppa lengde i tillegg, mykje takka vere Marius Bull Hjeltnes. Gutten i frå Ulvik som spring og hoppar som ein mann!

Banerekord av Amund Høie Sjursen(Gneist) i lengde med 7,06m.


Eg sprang i ytterste bane. Vinnartida til Amund blei 8,96, med Marius hakk i hæl på 9,31 sek.

Starta med 80m, som du kan sjå på biletet over. Eg sprang inn til tida 10,33 sek i medvind 1,8. Persen frå 2009 på 10,92 sek i motvind 3,2 blei smadra. 80m er ein øvelse som sjeldan står på programmet. Etterpå bar det bort til lengdegropa, der eg sleit veldig med å treffa planken. Satsa stort sett rundt ein halv meter bak planken, så persen på 5,52m var i realitet aldri truga. I siste hopp fekk eg opp resultatet 5,10m, som med perfekt planke ville gitt minst 5,65m.

Siste øvelse i dag var 1000m, der eg sprang inn til tida 3.09,46, som ikkje var nok til å senka persen på 3.06,88 frå 2009.

Fleire resultat

Én kommentar

Marius Mann

23.09.2013 kl.16:57

Takk for omtalen, maskin! Du gjev meg verkeleg PR!

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

22, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på HiB. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner.

Kategorier

Arkiv

hits