Startskjermer Lumia 920!

  • 15.02.2013 kl.23:57 i Mobil
  • 2 hyggelige kommentarer Instagram

Som eg skreiv i forrige innlegg, fekk eg ny mobil tidlig i desember. Dette var da Nokia Lumia 920, ein av dei nokså nye mobilane som bruker Windows Phone 8 operativsystem. Som du sikkert skjønner er eg veldig fornøyd med mobilen. WP8 er veldig kjekt å bruke, alt går veldig raskt og smooth. På WP8 kan ein sjølv bestemme korleis heile startskjermen skal sjå ut. Ein kan legge det meste til på startskjermen, kontakter, spel, apps, dokumenter, og spelelister for musikk, for å nevne noko. Dersom ein drag fingeren til venstre over skjermen, kjem ein til ei liste med alt som er på mobilen. Under ser du bilder startskjermen min.

 

 

 


Som du ser, kan ein endre farge på flisane. Det er den grønne eg har per dags dato. Under har eg laga ein liten videosnutt som viser mine låseskjermer. Alle bortsett frå den første i videoen er det Bing som har bestemt. Under instillinger --> Låseskjerm kan ein velge å la Bing få bestemme låseskjermbakgrunn for deg. Då vil ein typisk få eit nytt bilete kvar dag, og nokon gonger kvar andre dag. Ein kan sjølvsagt bestemme bakgrunn sjølv også, men det er jo litt spennande å ikkje vite den neste bakgrunnen.

 

video:lumia 920 laseskjerm 3

Har du kjøpt eller vurdert å kjøpe ein WP8 mobil?

 

Dagens "Maskin" vits:


- Unnskyld sjåfør, stopper denne bussen nede ved fergekaia?
- Ja, det håper eg inderlig, ellers kjem det til å bli et forferdelig plask.

2 kommentarer

Raymond

17.02.2013 kl.21:33

Hei Kjetil. Jeg er keen på en Windows 8 phone (hadde tenkt lumia 820 men går kanskje for 920.. jeg liker muligheten til outlook og office, som lærer er det nyttig, samt godt kamera som kan ta bilder som går rett i nystartet blogg.. men jeg vet ikke hvordan det er å blogge fra lumia, da det er usikkert om blogg.no sin app fås på disse wp8 telefonene..? kan du sjekke og teste litt?

Kjetil Stokke

18.02.2013 kl.14:38

Raymond: Denne kommentaren er skrevet med Lumia 920. Office pakken er genial, kan også anbefale PDF Reader. Blogg.no har ikkje app til wp8, men eg er ganske sikker på at det funker å blogge i mobilens nettleser.

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

22, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på HiB. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner.

Kategorier

Arkiv

hits