Kamikazeturen 2012 - ei litt annerledes helg!

  • 08.12.2012 kl.22:52 i Trening
  • Éin hyggelig kommentar Instagram

God kveld!

Forrige helg(30.nov - 2.des) var ungdomsgruppa i Osterøy Friidrett på "Kamikazetur", den fjerde gongen på like mange år. Kamikazeturen er ein treningsleir litt utanom det vanlige. Stikkord er ukjent reisemål,  mykje variert trening, "spring til du spyr", isbading, overraskelser,  og godt samhald. Det er også forbudt med medbrakt mat og drikke.

FREDAG 30. NOV

Første økt fant stad på Nr1 Fitness Voss. Der trente me CrossFit og Koreansk Yoga. Me starta med CrossFit, der me kjørte 7 serier med 3 øvelser, antall repetisjoner starta på 21, også trakk me frå 3 for kvar serie. Altså 21, 18, 15, 12, 9, 6, og 3 rep til slutt (3*84 rep totalt).
Øvelsane: Knebøy med press, Kettlebell Swing, Pushups
Til slutt tok me 10 killers(Burpees).


Vår Yogainstruktør. Foto: Arne Reigstad

Målet var bli ferdig på kortast mulig tid. Denne økta var hard, og det fekk pushups mykje av æra for. Armane var heilt ferdig etter denne økta, kjente det heile helga. Instruktøren vår for yogaen har vert å praktisert yoga og ein kampsport i et Koreansk tempel. Han visste oss mange øvelser for å tøye bekkenet. Etter Yogaen fekk me et rundstykke, ei banan og ein yougurt, før me dusja og satte kursen mot ei hytta på Mjølfjell.

Mjølfjell budde me i ei hytta plass til 22 personer kalt Ljosanbotn, me var 11 stk, så var god plass. Det var veldig kaldt på Mjølfjell, rundt -15 grader heile tida. Me ankom hytta veldig seint fredagskveld, så me fekk raskt litt kveldsmat. Vel og merka lite utvalg i pålegg: Gammal ost, smør, og makrell i tomat.

LØRDAG 1. DES

Blei våkna av bjeller klokka 04:00. Trente ei halvtimes basisøkt, før me la oss igjen. Til Frukost fekk me Havregrynsgraut, nokon av oss fekk sursild i grauten... Første økt etter frukost var ein 40 minutters joggetur til Ungdomsherberget og tilbake.

På neste økt sprang me 4*2 100m bakkeløp og presisjonskast med straff for bom(Mesternes Mester). Kaste ei flaske, ein boks og ein vedkubbe oppi ein grill. Kontroll av puls for kvart andre bakkeløp, pulsen måtte komme under ei grense før ein kunne springe vidare. A og B- finaler for alle, altså fekk alle 2 runder.


Foto: Arne Reigstad

Årets STDS (Spring til du spyr) Meny:

Sursild, Sauetunge, kaffi blanda med juice, gammal ost på kjeks, rått egg, Soya mjølk blanda med olje, Sjokoladepudding med ketchup, kefir

8*100m bakkeløp etterfulgt av diverse godsaker. Rett etter STDS, isbada me i elva. Det var tjukk is, så måtte hakke hull i isen. Veldig kaldt og godt!


Arkivfoto: Kamkazetur 2010

Middag: Smalahove, poteter og kålrabistappe.

SØNDAG 2.DES

Rolig fjelltur til Upsete før utvask av hytta.

 

Dagens "Maskin" vits:

Kva får du hvis ein komikar krysser eit hav?
Svar: Latterbølge.

Én kommentar

Eirik

09.12.2012 kl.19:37

Maten høres utrolig digg ut! hehe

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

22, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på HiB. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner.

Kategorier

Arkiv

hits