Tre personer som redda dagen min...

  • 17.06.2012 kl.00:40 i Friidrett
  • 3 hyggelige kommentarer Instagram

God kveld! Det har blitt ein litt for lang bloggpause, men det skal eg få gjort noko med, sidan eg no er ferdig med siste eksamen.

På fredag redda tre persona dagen min. Ein svensk bussjåfør, ein vekter, og ei dame som jobber for Norwegian. Dagen starta med at eg reiste med fly (SAS!) til Oslo kl 08:05. Eg skulle delta på Tyrvinglekene på Nadderud stadion i Bærum. Der var eg påmeldt i diskos og spyd. Etter å ha vert nokon timer i Oslo, ankom eg Nadderud 40 min før diskos. I diskos endte eg på tredje plass, med et kast på 29,10m, nesten tre meter bak pers(31,98m). I spyd gjekk det litt betre, men det blei litt stress på slutten der. Kasta 49,10m, et kast der eg stoppa opp for mykje før utkastet, så veit eg har mykje meir inne berre eg får med farten inn i stemmet. Persen er forøvrig på 52,70m. For å rekke flybussen, måtte eg gå etter tre omganger i spyd.(Spyd for menn blei utsatt) Då eg kasta det trejde kastet, var det rundt 3 min til flybussen skulle komme.

Eg kasta spydet avgårde, bytta sko, tok med meg alle tingene, og sprang mot busstoppet rundt 150m frå stadion. På vei bort, såg eg bussen i den nærmeste rundkjøringen. Då eg kom bort til veien, kjørte bussen forbi, mens eg vinka noko heilt vilt med armane! Då tenkte eg at der glapp flyturen heim, sidan dette var siste buss til Gardermoen den kvelden(kl. 21:05). Heldigvis stoppa bussen et spydkast foran meg (50m). Eg sprang bort og kom inn på bussen. Dette var altså ein av dei snille bussjåførane som stoppar når dei ser folk kjem springane i speilet. Det viste seg at bussjåføren var svensk, og at han var pratsom, noko som kom godt med, med tanke på at eg var einaste (!) passasjer. Eg fortalte han at eg skulle reise med 22:30 flyet til Bergen, noko han meinte eg kom til å rekke fint.

Klokka gjekk, og då me hadde kjørt ei stund, måtte me ta ein omvei, pga. bygging av ny vei. Bussjåføren forklarte at det var mulig å kjøre rett til Gardermoen, men pga. alle holdeplassane på veien, kunne han ikkje ta raskaste vei. Då kunne passasjerer som venta på bussen, i verste fall mista flyet sitt. Dette forstod eg godt, sidan eg fort kunne havna i samme situasjon viss bussen ikkje hadde stoppa for meg. Då me endelig kom oss ut av Oslo, og ut på motorveien, kjørte me forbi et skilt der det stod 28 km til Gardermoen. Klokka var då 21:57. Då slo det meg; ka skulle eg gjera dersom eg ikkje rakk flyet, som forøvrig var det siste flyet til Bergen.

Etterkvart som me kom nærmare Gardermoen, begynte bussjåføren å argumentere med at eg neppe hadde klart å komme tidligare til Gardermoen, viss eg hadde valgt buss til Oslo S, for så å ta flytoget til Gardermoen. Han spurte meg også om kor lenge før avgang ein måtte vera sjekka inn. Han visste nok like godt som meg at ein må sjekke inn seinast 30 min før avgang, og på det tidspunktet var det under 30 min igjen til flyet skulle ta av.

Eg ankom Oslo lufthavn Gardermoen litt over 22:15, med andre ord under 15 min til flyet skulle ta av. Eg sprang inn og bort til innsjekkingsboksen, tasta inn referansenummeret. Då fekk eg opp meldingen eg hadde frykta gjennom heile bussturen. "Din flygning er nå stengt for innsjekking". Sjølv om eg fekk den meldingen kasta rett i fleisen, gav eg ikkje opp. Eg sprang bort til Norwegian sin skranke, og då eg såg 30-40 personer foran meg i køen, innsåg eg sakte men sikkert at eg måtte overnatte på flyplassen. Eg gjekk litt rundt, såg meg rundt, mens eg prøvde å finne muligheter.

I sikkerhetskontrollen var det ingen kø, berre to vektere. Eg gjekk rolig bort og forklarte hysterisk min situasjon og ba om å få komme gjennom. Han henviste meg til skranken. Då forklarte eg at flyet mitt gjekk om under 10 min og at køen var for lang i skranken. Han tenkte seg litt om, før han slapp meg igjennom kontrollen, men at han ikkje kunne love at eg ville komme med på flyet utan boardingskort. Den sjansen var eg meir enn villig til å ta på strak arm. Eg takka han, og la på sprang i et tempo du neppe før har sett inne på området etter sikkherhetskontrollen. Eg visste hvilken gate eg skulle på, og bort til den var det et par hundre meter. Då eg kom bort til gate 26, blei eg møtt av "gate closed". Eg spurte pent damen som stod der om å få komme med på flyet sjølv om eg ikkje hadde boardingskort, samtidig som eg viste meldingen på mobilen. Ho sa ja, og eg kom med på det siste flyet til Bergen den dagen.

Har du opplevd noko lignende?

3 kommentarer

hannelj

17.06.2012 kl.00:50

fin blogg!:D

Nathalie Kristin

17.06.2012 kl.01:00

flaks a gitt :)

Joachim

17.06.2012 kl.10:46

Det må ha vært lykkedagen din dette her da :). Bra at alt ordnet seg for deg :)

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

22, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på HiB. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner.

Kategorier

Arkiv

hits