Ny pers i Spyd i årsdebuten, 50,16m!

  • 25.03.2012 kl.23:03 i Blogg
  • 2 hyggelige kommentarer Instagram

God kveld!


I dag deltok eg på et kaststevne på Knarvik stadion. Dette var mitt første stevne for året, så eg var veldig spent på korleis det kom til å gå. Då eg starta oppvarminga var det berre 5 grader, men heldigvis kom sola sakte men sikkert fram gjennom skylaget. Idet spyd skulle starta, var det bra med sol, sjølv om det ikkje var så veldig varmt. Eg åpna med et kast på 50,08m, noko som er rett bak den gamle persen på 50,15m, satt juli 2010. I andre omgang kasta eg 50,16m, som er ny pers! Målet for stevnet var pers, så eg er fornøyd, sjølv om eg persa med 1cm. Spesielt i det første kastet, hadde eg fleire meter fram til streken, så med litt korreksjon i tilløpet vil spydet gå langt! Neste naturlige mål no, blir å kaste over klubbrekorden på 52,38m.

Mine 3 beste kast for dagen: 49,62m, 50,08m, 50,16m

Som ein kan sjå av resultata over, kasta eg veldig stabilt i dag. 2012 kjem til å bli ein spennande og framgangsrik sesong!

Osterøys resultat i spyd:

Kjetil 50,16m (Pers)
Sigrid 47,95m (Pers)
Markus 28,70m (Pers)
Helga 39,49m



Oppvarmingen fant stad i ei aktivitetsløype.


Joda, litt for mange meter fram til streken der. Trakka dødt på dette.




2 kommentarer

fin blogg :)

Haakon

25.03.2012 kl.23:38

Bare øke med 5 meter per gang nå ;) Bra jobba!

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

22, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på HiB. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner.

Kategorier

Arkiv

hits