Årsfest med Friidrettsgruppa i går, og skitur med Trygve i dag!

  • 05.02.2012 kl.22:06 i Blogg
  • 2 hyggelige kommentarer Instagram

God kveld!


I dag har eg og Trygve gått på skitur på Gullbotn. Me gjekk ei mil, og turen varte i underkant av 1 time og 30 min. På den tida rakk me to runder i den lange løypa pluss litt til. Det var til tider meget sterk vind, og temperaturen var på rundt minus 5. På grunn av mykje vind, var det mykje laussnø i løypa, noko som gjorde det vanskelig å skøyte.

 


Løypekart

Gårsdagens trening blei gjennomført i Leikvanghallen, der eg i hovudsak trente sprint og spyd.
Seinare på dagen var eg på årsfesten til Friidrettsgruppa, i klubbhuset. Der blei det delt ut mange premiar og utmerkingar. Me fekk et måltid og såg tilbake på et godt friidrettsår. Les meir på Osterøys heimeside.

 


Eg og Markus hadde i forkant laga ein quiz, med 15 spørsmål fordelt på 5 kategoriar. Foto: Vebjørn Borge

 


Eg og Markus i "aksjon". Foto: Osteroyil.no

 

Dagens "Maskin" vits:

Hvor gammel er moren din?
Veit ikkje, men pappa seier at ho er i femte måned.

 

2 kommentarer

eventyrern

05.02.2012 kl.23:24

Trener du mye styrke, bro? Vi er jo to karer på blogg.no. Vi bør holde sammen, ta gjerne en titt på bloggen min og legg meg til som venn.

Kjetil Stokke

06.02.2012 kl.16:58

eventyrern:

Trener styrke med vekter 2 ganger i veka. I tillegg blir det litt spesifikk kaststyrke med medisinball, og ein del stabiliserende styrke.

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

22, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på HiB. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner.

Kategorier

Arkiv

hits