Kamikaze turen 2011, 5 økter på under 24 timer!

  • 13.11.2011 kl.23:57 i Blogg
  • 2 hyggelige kommentarer Instagram

God kveld!
Som eg skreiv på torsdag, skulle Osterøys unge lovande utøvarar på kamikaze tur i helga. Dette er 3. året me reiser på denne type treningsleir. Orda glad galskap er veldig beskrivande for denne turen. Dette er definitivt et av høstens høgdepunkt. Mykje god trening, lite mat, og klassikarar som spring til du spyr og sjokoladepudding med ketchup.Leda av Sigbjørn, Frode og Arne. På forhånd fekk me ein rebus, som gav oss svar på ein av nabokommunane til opphaldsstad. Svaret på rebusen var Vaksdal, men utfordringen var jo at Vaksdal grenser til heile 6 andre kommunar. I tillegg til rebusen fekk me litt diverse informasjon og pakkeliste.

Informasjon og pakkeliste:

Rebus: fem + friidrettsklubb + mellomnavnet til "hot" kvinneleg norsk skuespelar
Svar: Vaksdal

Litt info om kamikazeturen:
Oppmøte ved Valestrand skule fredag kl 18.
Ta med skift til fleire ute- og inneøkter, samt bading.
Vanlige klær til å gå i, husk varm genser og hue/hansker.
Sovepose og liggeunderlag.
Hodelykt og refleksvest.

Unødvendig å sei at det ikkje er lov å ta med egen mat, men eg sei da no likavel..


Før start på spring til du spyr.

Alle 10 deltakarane møtte opp på parkeringsplassen til Valestrand skule fredags kveld. Der blei me møtt av 3 ledarar, klare til å få seg ein latter eller to, på bekostning av oss sjølvsagt. Første økt starta i behagelig tempo, me jogga først rundt Brakvatnet, med innslag av djup gange opp ein bratt bakke, og pushups. Etterpå gjorde me diverse øvelsar på kunstgraset på Valestrand, blant anna 50m åling. Økta varte i overkant av ein time. Etterpå kjørte me litt rundt, sikkert fordi ledarane skulle forvirre oss litt. Me endte uansett opp i 250m skogen på Valestrand. Der skulle me ha spring til du spyr, 8 tvilsomme retter etterfulgt av like mange bakkeløp.


Spring til du spyr meny...


Årets spring til du spyr meny:

1. kokosboller med tran
2. appelsinjuice med hamburgerdressing
3. sjokoladepudding med ketchup
4. rå sursild
5. juice med kaffepulver og salt
6. yoghurt med olivenolje
7. kokosboller med tran igjen
8. kald rømmegraut med flytande smør (Vita Hjertego)

 


Gjengen er klar for spring til du spyr!

 

Min topp 3 liste:
1. Kokosboller med tran
2. Yoghurt med olivenolje
3. Sjokoladepudding med ketchup

 

Blei litt for mykje mat på Johannes...

 

Etter at fleire av oss hadde spydd, gjekk turen til Osterøy treningssenter, der me overnatta, noko me ikkje visste på det tidspunktet. Fekk beskjed om å dusja, for så å prøva Osterøys nye draktar for 2012 sesongen. Blir konge med nye draktar, alle glede seg til sesongen 2012, den sesongen Osterøy kjem til å visa seg fram på alle måtar! Då alle hadde fått prøvd draktane fekk me kvelds, som bestod av skiver og smør... Før me gjekk i soveposen, blei me delt opp i tre grupper, som skulle gjette oss fram til 5 ingredienser i ei flaske. Det lukta dårlig, og smakte dårlig. Me la oss rundt midnatt, men pga kasting av diverse gjenstander blei det ikkje ro før rundt kl 01:30...

 

Ingredienser:
Eddik
Skumma kultur
Brus med fruktsmak
Solbærsaft
Tran
Klokka 04:15 vekka ledarane oss med denne sangen:

Har fått den sangen på hjernen, rett og slett. Eg var midt inni ein fantastisk drøm, også blir eg brått vekka av denne sangen, kan det bli verre tenkte eg...

Klokka 04:30 var me igang med ei ny økt, denne gong var det spinnning som stod på agendaen, etterfulgt av mage/rygg og litt diverse styrke øvelsar. Rundt klokka 06:00 gjekk me i dusjen, for så å sova til rundt kl 08:00. Då fekk me endelig skikkelig mat, brødskiver med leverpostei og jordbærsyltetøy. Etter frukost måtte den gruppa som tapte konkurransen om å gjette dei 5 ingrediensene, vaske aerobicsalen. Me var ute rundt kl 09:00, det skulle vera time der kl 10.


Spinning kl 04:30

Neste økt fant stad på Sjøkrigsskulen, der ledarane våre hadde alliert seg med ein offiser i Forsvaret. Nærmare bestemt Jørgen O, tidligare 800m løpar med ein pers på 1,56,01, og medlem i Osterøy IL. I starten fekk me i hovudsak beskjed om tre ting; me kom til å bli våt, me kom til å slite, og me fekk verken lov til å snakke med dei andre eller veksla blikk. Økta starta med oppvarming, boksing med forskjellige slag og spark på puter holdt av partner. Etter oppvarming fekk me ein kyndig veiledning mens me jogga gjennom hinderløypa. Hinderløypa bestod av bakkeløp, killers, bæring av lodd, over og under mange hinder, klatrestige, kryping i sand under hinder, og isbading i sjøen. Det var under 5 grader i sjøen...


Litt boksing som oppvarming.

Før me satt igang med hinderløypa gjekk me inn i fjellet, der fekk me utdelt penn og papir, og fekk beskjed om å skriva ned ka som gjorde at me prestere i ein konkurranse, både på trening i forkant, og på stevne dagen. Dette gjorde me i mørket, da einaste lyset var hodelykta til Jørgen O. Der inne fekk me utdelt redningsvest, og gjekk ut igjen. Før me starta hinderløypa, fekk me beskjed om at me måtte gi alt, jo meir me tok i, jo tidligare blei me ferdig. Fekk me negative tanka om at me måtte gi oss, måtte me snu det til noko positivt. Å gi seg var ikkje noko alternativ, me måtte snu alle tanka om til noko positivt, å bruka det til å holda på vidare. Det å gjera noko som er veldig tungt, samtidig som du ikkje veit kor lenge du skal holda på, det er heilt forferdelig. Denne følelsen måtte me ha med oss i over 50 min. Då det gjenstod 5 min, fekk me beskjed om at me kunne øka tempoet, og dermed slippe unna med 5 min, eller forsette i samme tempo, og holde på i 10 min til. Heldigvis klarte alle å øka tempoet.


Alle klar til start på hinderløypa, i bakgrunnen kan du skimta kaien me hoppa i sjøen frå.




Sondre i fint driv over et hinder.

 

Etter å ha dusja og fått i oss litt rosiner og banan, hadde me ei teori økt. Den gjekk ut på psykisk robusthet, altså det mentale. Fokus på å prestere, når det virkelig gjelder. Tenk deg at starten er framskynda et kvarter, og regnet pøser ned, dagen du skal konkurrere. Da må du prioritere sidan du har dårligere tid enn antatt, og holde fokus på det du skal gjere. Regnet er ein faktor du ikkje kan gjere noko med, da kjem det ann på deg sjølv, du kan utgjere ein forskjell. Og det er det det handler om, å kunne utgjere ein forskjell, det kan vere forskjellen på om du blir nr 1 eller 2. På slutten låg me på golvet, heilt avslappa med dempa lys og tenkte på ein konkurranse i framtida, såg for oss korleis det kjem til å gå. Med rolig musikk til:

http://www.youtube.com/watch?v=7wfYIMyS_dI&ob=av3e

Siste økta starta på Hauge. Me jogga på ein skogsvei, og tok av til ein sti over ei myr. Me jogga fram og tilbake på denne myra. Då me hadde gjort det fekk me et valg; me kunnne krabbe gjennom gjørme i 30 meter, eller fortsette med alt mulig galskap til lunsj neste dag. Samtlige valgte å gå ned i gjørma.

2 kommentarer

Stine

14.11.2011 kl.00:08

det der hørtes ikke mye godt ut.... tøffe som gjennomførte

Tonje Juvik

16.11.2011 kl.11:40

sv// Tusen takk !

Dette ser jo litt artig ut : D Men også tøft for å si det mildt

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

22, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på HiB. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner.

Kategorier

Arkiv

hits