Årsbeste i spyd i dag!

  • 22.09.2011 kl.23:27 i Blogg
  • 3 hyggelige kommentarer Instagram

God kveld!
I dag deltok eg og Sigrid på et seriestevne i Knarvik. Sigrid deltok i spyd, mens eg deltok i spyd og diskos. Været veksla mellom kraftige regnbyger og opplett. Og med kraftige, meiner eg kraftige. Temperaturen var stort sett på rundt 10 grader heile kvelden.

Resultat:

Sigrid:
43,03m i spyd 600g
Pers: 44,34m satt under NM i Byrkjelo i år.

Kjetil:
48,31m i spyd 800g
Pers: 50,15m satt i Helsingborg, Sverige i fjor.

I første omgang fekk både eg og Sigrid opp gode kast, Sigrid kasta sitt beste kast for dagen, mens eg åpna med 47,45m. Eg kjente med ein gong korleis sjølvtilliten boblar gjennom meg, og det med god grunn. Det er OVER et år sidan sist eg kasta så langt. Eg tar fatt på andre omgang med ny giv, der fekk eg opp nok et kast over gamle årsbeste, 47,07m viser målebåndet, noko som bidro til at sjølvtilliten nådde nye høgder.

I tredje omgang landar spydet på 45,96m, mitt kortaste kast for dagen, men likevel respektabelt. Eg kjenner med ein gong at utkastet var bra i fjerde omgang, sjølv om eg bremser farten i krysstega, med venstre foten. Målebåndet viser 48,31m, noko som fekk fram et stort smil!

*Sitat: "Smil til verden, så smiler verden til deg!"

I femte omgang landet spydet på 46,23m, like bak den gamle årsbeste på 46,52m. I den sjette og siste omgangen, tråkker eg over streken. Dette på grunn av at eg kom i ubalanse før utkastet, noko som førte til at spydet mistet mange meter.


Arkivfoto: Helsingborg, der eg kasta 50,15m.

Dagens "Maskin" vits:

Korfor blei dykkerundervisninga avlyst?
- Svar: Fordi ingen dukka opp.

 

Har du kasta spyd før?

3 kommentarer

oj, gratulerer:)
Så kjekt! :D
Ha en super helg!
..klem Sarah! -20år , Modell , Forlovet , og nå Gravid <3

Markus

23.09.2011 kl.11:20

Kjempeflott Kjetil :)

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

22, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på HiB. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner.

Kategorier

Arkiv

hits