Pers med 2 minutter og 46 sekunder på VM!

  • 10.09.2011 kl.00:10 i Blogg
  • Bli den første som kommenterer! Instagram

God kveld!
I dag (09.09.11) deltok eg på VM (Valestrandsmarka Rundt), et mosjonsløp på Osterøy som holdes mellom 11-15 gonger i året. Løypa går for det meste på asfalt og grusveier i kupert terreng, med start og mål på ei fotballbane. Løypa er 4400m.


Løypekart Valestrandsmarka Rundt

Dagens løp var mitt 5 løp nokon gong, der eg som forventa pressa persen kraftig ned frå 21,00 til 18,14 minutter. Persen blei satt for 3-4 år sidan, så det er nok litt av grunnen til at det blei ein såpass solid persforbetring. Dagens løp bar preg av kraftige regnbyger frå start til mål, og knappe 12 grader celsius, ikkje dei beste forholda med andre ord. Så med tanke på forholda er eg fornøyd med tida, sjølv om eg hadde mål om 17 tallet i dag.


Mellom 15-20 håpefulle "mosjonistar" står klar.


Løpshistorikk:

Åpna relativt hardt den første runden rundt fotballbana, gjekk ned et gir eller to i den første utforbakken. Utforbakker er mitt svake punkt, når det kjem til løping og ikkje overraskande er motbakkar mitt sterkaste punkt. Tok meg sjølvsagt elegant inn igjen i den første bakken, fant ein god rygg og hang meg på. Hang på ryggen fram til den første store bakken, der eg økte farten og hang meg på ein ny rygg. Denne ryggen skulle visa seg å vera vanskeligare å holda, så eg fant mitt eget tempo. Ein ny bakke kom mot meg, før ein relativt lang utforbakke stod for tur. I denne bakken gjekk det ikkje så fort, så eg blei tatt igjen av han som eg hadde hengt meg på tidligare. I den siste bakken hang eg meg nok ein gong på, og plutselig var eg forbi, og frå det punktet var det berre spurt og tempoøkning som gjaldt.


Som du kan sjå på biletet, var det mykje regn i dag (09.09.11).

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Sidan sist innlegg har eg deltatt på KM (kretsmesterskap), der eg kasta spyd og diskos. Det blei sølv i spyd med 44,10, og bronse i diskos, et stykke bak pers. Dette er eg sjølvsagt ikkje fornøyd med, men det kjem mange nye sjanser i framtida!

Ellers kan det vera verdt å nevna at Markus Loftås fekk bronse på 400m hekk i Nordisk mesterskap U20, med den meget sterke tida 52,85 sek, som er raskast i Europa i år for U18 med 91,4 hekker. Dette er pers med nesten et sekund (persen var 53,76), og under kravet til U20 VM neste år!
Som om ikkje det e nok, så er det ny klubbrekord for Osterøy IL. Du e så maskin Markus! :)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

22, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på HiB. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner.

Kategorier

Arkiv

hits