Treningar på det vakre Sørlandet, Kristiansand!

  • 19.07.2011 kl.23:32 i Blogg
  • 9 hyggelige kommentarer Instagram

God kveld alle saman!
Mandag den 11. til torsdag den 14. var eg og Trygve med familiar i Kristiansand. Der trente me godt, bada, utforska årets junior NM by, og sist men ikkje minst besøkte me dyra i Dyreparken. Me budde i leiligheiter i sentrum, kan absolutt anbefalla det, bestill på www.solferie.no.

Første dagen tok meg og Trygve oss ein rolig langtur med litt innlagt spenst. Me jogga forbi bystranda, fiskebrygga, og ut på Odderøya. Der fant me ein egna plass for litt spenst, før me jogga tilbake. Neste dag besøkte me Dyreparken, obligatorisk om ein skal til Kristiansand. Etterpå tok meg og Trygve bussen til Kristiansand stadion, for å vera med på KIF trening. Også det bør vera obligatorisk om ein skal til Kristiansand. Eg kasta spyd, mens Trygve hadde intervalltrening. Etter trening spaserte 8 av oss ned til sjøen, for å bada, like i nærheten av stadion.


Kristiansand stadion sett frå lufta. Me bada i bukta til venstre for båtane. Foto: Finn Kollstad


Onsdagen trente me tidlig, starta rundt kl. 10. Starta som vanlig med oppvarming og beveglighetstrening. Så trente me litt hekkedrill, veldig gøyt, ikkje sant Trygve? :D
Etter hekkedrillen trente Trygve sitt eige opplegg, mens eg fulgte opplegget til KIF. Rolige løp, med fokus på teknikk, og diverse spenstøvelsar. Til slutt hadde me trappespenst i trappene, det var lenge sidan sist for min del. Sjølvsagt bada nokon av oss, også denne dagen i sjøen. Eg kan glatt innrømma at eg var ein av dei som ikkje bada. Denne dagen spaserte me ikkje ned til sjøen, fordi eg kjørte.


Trygve, Ida og Anette gjer seg klar til å hoppa... Foto: Tina Helen Bergem


Etter trening tok meg og Trygve oss ein spasertur gjennom Markens (gågaten), der me jakta på gode tilbud. Dagen blei avslutta med god mat på Egon.

Gleder meg stort til å kasta på Junior NM i vakre Kristiansand den 5-7. August!

Dagens "Maskin" vits:

Hørt på skulen

Du skrive så stygt, 7 tallet ditt ser ut som et 9 tall!
Men da e jo et 7 tall.
Korfor ser da då ut som et 9 tall?

 

9 kommentarer

Anna kvam

19.07.2011 kl.23:35

flott innlegg kjetil! Dette liker vi :D

Markus

19.07.2011 kl.23:39

Nydelig, Stokke.

Martine

19.07.2011 kl.23:45

Nice ! Kristiansand er best xD

Kan du skifte makren til markens vær så snill =) ? syns ikke det passa...

Kjetil Stokke

19.07.2011 kl.23:52

Martine: Endra, beklager feilen. Ha ein fin dag videre! Takk for at du oppdaget feilen :)

miriamsl

20.07.2011 kl.18:26

Så gøy! :-)

Hvor lenge er man junior som spydkaster, egentlig? lykke til :-D

Kjetil

20.07.2011 kl.20:25

I friidrett er ein junior tilogmed det året ein fyller 22. Det finst to junior klassar, U20 er dei som er mellom 15-19 år, og U23 er for dei som er 20-22 år.

Takk :D

Ida

20.07.2011 kl.21:35

Oioioi Kjetil! Du er så flink :)

Ingeborg

21.07.2011 kl.21:38

Ser bra ut !! Laaaaaange spydkast bør den stadion vente seg ;)

Trygve FM

31.07.2011 kl.12:56

KJEMPE FLOTT!

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

22, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på HiB. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner.

Kategorier

Arkiv

hits