Kretskamp i Byrkjelo mot Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal!

  • 05.07.2011 kl.23:58 i Blogg
  • 2 hyggelige kommentarer Instagram

I helga var eg som ein av seks, ledar for kretslaget til Hordaland i friidrett for jenter og guttar i alderen 13-14 år. Kretskampen var innlagt i Sparebankleikane, som fant stad i Byrkjelo i Sogn og Fjordane. Stig Andreas Langeland var også med som ledar, altså to frå Osterøy. Foruten 6 ledarar, hadde Hordaland med ein tropp på 25 unge og lovande utøvarar. Kretskampen varte frå lørdag 2. juli til søndag 3. juli. Me budde på Breim skule, der me også fekk gode og sunne måltid.

Følgjande øvingar inngjekk i kretskampen:

  • 60m
  • 600m
  • 60m hekk
  • høgde
  • lengde
  • kule
  • diskos
  • 1000m kappgang

Poengfordeling per øvelse: 7, 5,4,3, 2, 1

Resultat:

  1. Hordaland 283 poeng
  2. Sogn og Fjordane 220 poeng
  3. Møre og Romsdal 160 poeng

Sjølv deltok eg i spyd under Sparebankleikane. Spydet endte på 45,13m, et stykke bak årebeste på 46,52m, og enda lenger bak persen på 50,15m. To timers brannvakt var tydligvis ikkje den beste oppladningen.



I dag tok eg og Trygve ein liten tur på fjellet, rundt ein times tur. Overskya med små glimt av sol underveis. Ein flott tur på Furua.



Har eg for mange piggsko/kastsko/joggesko?


Dagens "Maskin" vits:

To sitroner gjekk over veien, så blei den eine påkjørt. Da spurte den andre:
Blei du sur nå?

 

Til slutt vil eg ønskja Markus Loftås lykke til på 400m hekk i måro i U18 VM i Frankrike. Du kan følgja Markus på Eurosport 2 onsdag 6.juli, kl. 19:20!

2 kommentarer

Irene

06.07.2011 kl.01:01

Tøft :)

Anna kvaaam

11.07.2011 kl.23:21

bra maskin-vits stokke! håper du har noen på lager til treningene våre te uka. Så må du få ut et innlegg om Världsungdomsspelen snart! ;)

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

22, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på HiB. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner.

Kategorier

Arkiv

hits