Tur til Oslo og publikumstand for Forsvaret på Ski-VM 23.-26. Februar!

  • 06.03.2011 kl.00:35 i Blogg
  • 7 hyggelige kommentarer Instagram



På tirsdagskvelden (22.feb) reiste eg med nattoget frå Bergen til Oslo. Lur som eg er, hadde eg bestilt sovekupé, for å vera opplagt til rekrutteringsoppdraget som venta på meg i Holmenkollen dagen etter. Toget ankom Oslo Sentralbanestasjon rundt 06:30. Eg gjekk oppover Karl Johans gate, tok til venstre to kvartaler før Stortinget, for å komme til Perminalen hotell i Øvre Slottsgate. Der blei eg møtt av ein usedvanlig hyggelig resepsjonist som tok hånd om bagasjen min. Han forklarte meg hvilken T-bane eg skulle ta for å komme til Holmenkollen. Han sa eg måtte gå på ved Stortinget stasjon, men eg endte av ein eller annen merkelig grunn opp med å gå på ved Nationaltheatret.

Eg ankom Holmenkollen rundt klokka 8, over ein time før eg skulle vera der. Etter å ha vert på standen ei stund, gjekk det opp for oss at det var liten vits i å stå på stand denne dagen. Dette fordi det nesten ikkje var publikum som gjekk forbi standen, stort sett berre friviliige funksjonærer. Etter å ha spist lunsj, tok me oss ein tur bort på stadion for å sjå kvalifisering langrenn individuell klassisk. Det var ingen norske løpere med der, naturlig nok, sidan alle dei norske hadde kvalifisert seg frå før. Kvalifiseringen bestod i hovudsak av nasjoner som ein ikkje forbinder med langrenn, som Kenya, Armenia, Argentina, Venezuela og Hellas, for å nevna nokon. Det var vill jubel då Philip Boit starta, og han fekk god hjelp av Kollen brølet! Boit starta meget bra, men falt nokon plassar ned etterkvart, men han virka fornøyd med å få gå i Kollen, sjølv om han ikkje kvalifiserte seg. Etter kvalifiseringen reiste eg ned på Perminalen for innsjekking og middag.


Åpningsseremonien på Universitetsplassen


Maria Haukaas framfører "Glorious" på Åpningsseremonien på Universitetsplassen

Perminalen Hotel var tidligere Forsvarets permisjonssenter i Oslo og var da primært et velferdstilbud til soldater, befal og andre med tilknytning til Forsvaret. No er hotellet åpent for alle som ønsker rimelig overnatting i Oslo. Forsvaret eier fortsatt hotellet og ein har fremdeles fastbuande soldatar i tillegg til ein stor andel med sivile gjester.

Då eg skulle eta middag traff eg på Kristin, som bur fast på hotellet og jobber på FMS (Forsvarets Media Senter), der ho er lærling. Etter middag blei eg med ho og nokon av dei andre fastbuande bort på Universitetsplassen, for å sjå på den offisielle åpningseremonien til ski-VM 2011. Med Garden og Forsvarets stabsmusikk i spissen, gjekk 1500 barn i tog fra Slottsbakken til Universitetsplassen. Barna representerte dei ulike deltakarnasjonane, ved å bære landenes flagg. Etter den offisielle åpningen, var det klart for VM-sangen, framført av Maria Haukaas Mittet, Forsvarets stabsmusikkorps og Garden. Heile åpningseremonien var heilt fantastisk å sjå på, eg fekk gåsehud, rett og slett ein opplevelse av dei skjeldne! Då Maria Haukaas starta å synga, kjente eg ein god følelse i heile kroppen, ein følelse av å vera heldig. At eg var heldig som fekk vera med på noko sånt, noko som dei fleste andre må sjå på tv.


Åpningsseremonien på Universitetsplassen

Etter å ha kommet trygt inn på det varme hotellet igjen, var det klart for dagens treningsøkt. Det blei ei joggeøkt i rolig tempo rundt omkring i sentrum av tigerstaden (Oslo). Starta utanfor Perminalen, ca 250 meter frå Stortinget. Frå Stortinget jogga eg vidare gjennom Karl Johansgate og opp forbi slottet og inn i Slottsparken. Der jogga eg rundt heilt til eg hadde jogga i nesten heile Slottsparken. Så jogga eg ned igjen til Stortinget, vidare nedover Karl Johan mot Oslo S, forbi Oslo S og over gangbrua til Operaen. Etter å ha studert Operaen jogga eg tilbake til Perminalen.


Ein av mange isskulpturar i Slottsparken

24. Februar

Torsdagen starta med ein heilt grei frukost på Perminalen hotell, etterfulgt av litt T-banekaos på veg opp til Holmenkollen. Det var ikkje den heilt store forsinkelsen, men det var nok til at me måtte stoppe opp å vente litt. Hørte i ettertid at det hadde vert kaos på Majorstuen stasjon, enda godt eg gjekk på på Stortinget stasjon. Då eg og min gode rekrutteringskollega Karianne ankom Holmenkollen, blei me møtt av ein smilande løytnant, som forøvrig også var der dagen før. Som du har lest, så var det lite folk innom standen vår dagen i forvegen (onsdag). Denne dagen (torsdag) skulle visa seg å vera litt meir vellykka, sjølv om det ikkje var spesielt mange denne dagen heller. Hovudgrunnen til det var at det var sprint på langrennsarenaen denne dagen. Dette fulgte me sjølvsagt på storskjermen, et spydkast frå standen vår. Då Marit Bjørgen kjempa seg inn til Gull var det ein heilt fantastisk stemning, eg fekk gåsehud. Jubelen stod i taket på standen vår! Like etter tok Petter Northug sølv på mennenes sprint i friteknikk, der Marcus Hellner frå Sverige rykka i bakken og vant.


NRK`s "Luftkarmera"

Med ein gong mennenes sprint var ferdig, gjekk me ned til T-banestasjonen, der kaoset venta på oss. Heldigvis kom me akuratt med på den første banen, sjølv om me måtte stå. Det var god stemning i vognen eg stod i, fordi det var mange svenskar der. Dei jubla for Gullet til Hellner på sprinten. Etter å ha komt tilbake på hotellet, var det klart for dagens treningsøkt. Den blei gjennomført på treningssenteret på Akershus Festning, som har det meste ein treng til trening. Eg trente i hovudsak styrke for overkroppen og mage/rygg denne dagen. Då eg kom tilbake frå treningsøkta, oppdaga eg at eg hadde fått ein gjest på rommet. Det viste seg at det var ein spanjol, som ville søke jobb i Norge som spansklærar. Han var hyggelig og syns Norge var et veldig godt land å leve i, han snakka veldig positivt om vårt vakre land.

25. Februar


Fredagen viste seg å vera nok ein dag der det var lite folk innom standen vår. På denne dagen var me to sesjonsassistenter på standen, eg som jobber i Bergen, og Duvaraken som jobber i Oslo. Det var tjukk tåke i Holmenkollen, den første dagen med tåke. Me såg verken skistadion eller Holmenkollbakken frå standen. Øvelsane denne dagen foregjekk i Midstubakken, som er et par spydkast frå skistadion. Eg og Duvaraken tok oss ein liten tur ned til Midstubakken for å sjå på skihopp i normal bakke. Etter å ha sett seks hopparar, deriblant Anders Bardal, reiste me ned til Oslo. Turen gjekk til Oslo sesjonssenter, der eg fekk omvisning og fekk vite korleis dei har sesjon i Oslo. Etter omvisningen, konkluderte eg med at Bergen og Oslo gjennomfører sesjon på to forskjellige måter, sjølv om det meste er likt.


Midstubakken

Då eg kom på rommet, etter å ha ete middag på Perminalen, blei det litt avslapping på rommet før dagens treningsøkt. Då eg holdt på å gjera meg klar for treningen, kom det to nye på rommet mitt. Det var to frå Østerrike, som var i Oslo i forbindelse med ski-VM. Ein av dei kunne litt norsk, men det meste av praten blei gjort på engelsk. Østerrike vant gull på kvinnenes hopp i normal bakke denne dagen, så dei reiste ut å feire dette, mens eg reiste til Bislett for å trena. Under Bislett er det ein innendørs hall med to baner på 546 meter. Der trente eg intervall, 12*200 meter i et greit tempo. Mens eg trente holdt arrangørane på med forberedelsane til 12 timers løpet som skulle arrangeres dagen etter.


Isskulpturar i Slottsbakken

26. Februar


Perminalen Hotell

Dagen starta med litt stress, sidan eg måtte bestille flybillett tilbake til Bergen. Grunnen til at det blei så stressande, var at pcen min jobbet mot meg då eg skulle bestille. Pcen låste seg og eg måtte venta lenge før den funka som den skulle. Då eg endelig fekk bestilt, gjekk eg på rommet for å skifte til uniform og pakke. Resepsjonen var snille og lot bagasjen min stå igjen på hotellet, mens eg reiste opp i Holmenkollen for siste gong. Dette skulle vera min fridag, sidan eg hadde stått på stand for Forsvaret i tre dagar, men slik blei det ikkje. Eg syns det er gøy å vera på stand for Forsvaret, så eg tok på meg uniform for fjerde gong og stod på standen denne dagen også. Det skulle visa seg å vera et klokt valg, for denne dagen var det mange folk som kom innom standen vår :)


Standen vår


Holmenkollbakken, tåka letta litt utover dagen

Det var mange øvelsar denne dagen, kombinert, hopp i normal bakke for menn og jaktstart med skibytte 15 km for kvinner. 15 km blei vunnet av Marit Bjørgen foran Justyna Kowalczyk og Therese Johaug. Stemningen var fantastisk, det kokte rundt oss, sånn som den alltid gjer når Norge tar Gull. For å rekka flyet måtte eg reise frå Holmenkollen kl. 15:00, så eg fekk ikkje med meg hopp i normal bakken. Sjølvsagt blei det litt kaos på T-bana også denne dagen, men eg kom meg ned til hotellet i god tid før flyet skulle gå. Etter å ha henta bagasjen bar det strake vegen til Oslo S, og flytoget til Gardemoen. Akuratt etter at eg hadde kjøpt billett kjørte toget, så då måtte eg vente 30 min på neste tog. Eg ankom Gardemoen rundt kl. 17:10 og flyet mitt gjekk kl 17:45. Eg rakk selvfølgelig flyet og reiste tilbake til Bergen. Den opprinnelige planen min var å ta toget tilbake til Bergen rundt kl 16:00, i ettertid er eg veldig glad for at eg brukte litt ekstra penger på fly heim.


Standen vår er i midten av bildet, foran Intersport


Tiger utanfor Oslo S

Tigerstaden:
Tigerstaden er et kallenavn for Oslo som opprinnelig er brukt for å beskrive Oslo som en farlig og ubarmhjertig storby.

Som en referanse til begrepet ble det likevel plassert en rekke skulpturer av tigre på Fridtjof Nansens plass foran Oslo Rådhus i jubileumsåret 2000, og en større bronseskulptur av en tiger laget av billedhuggeren Elena Engelsen på Jernbanetorget foran Oslo Sentralstasjon og et par andre steder rundt i hovedstaden.

Kjelde: http://no.wikipedia.org/wiki/Tigerstaden


Dagens "Maskin" vits:

Læreren: - Pelle, hvis du har 27 sjokoladar og et 10 av dei, kva har du då?
Pelle: - Hull i tenna!

 

7 kommentarer

Kiiiiki

06.03.2011 kl.00:37

Kjempe kule bilder!!
Wow, kult :)

Kommentere tilbake? www.carox.blogg.no, da er du supersnill og jeg blir superglad :3

MALIN ANGELICA

06.03.2011 kl.00:39

mye liv :)

Torsken

06.03.2011 kl.00:42

Du e utvilsomt ei maskin.

Caroline

06.03.2011 kl.00:52

Wow, du har virkelig fått med deg mye av VM. Utrolig gøy å se at folk er så engasjerte!:-)

TrygveFM

06.03.2011 kl.13:41

Bra innlegg Kjetil! :D

Vebjørn

06.03.2011 kl.13:52

Va eit flott innlegg Kjetil!

PS: Korti kjem innlegget om ******* *********? :)

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

22, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på HiB. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner.

Kategorier

Arkiv

hits