Kompetansehelg i Trondheim, på Rica Nidelven!

  • 01.02.2011 kl.19:38 i Blogg
  • 3 hyggelige kommentarer Instagram

God kveld kjære lesere!
I helga deltok eg, Trygve og Vebjørn på den store kompetansehelgen i Trondheim sammen med 100 andre friidrettsengasjerte deltakere. Der arrangerte Norges friidrettsforbund fleire forskjellige kurs for å løfta kompetansen i klubbane. Kursa ein kunne velge mellom var Aktivitetslederkurs for ungdom, Høgde, Speakerskule/dommarskule, Mosjon, Klubbutvikling og Kurslærerkurs ungdomsfriidrett. Me deltok på Aktivitetslederkurs for ungdom, der vår egen Helga Reigstad var kurslærar. Kursa blei holdt på Rica Nidelven, og Ranheimshallen.


Meg og Trygve lørdagskvelden

Fredag:

Det første me gjorde etter å ha sjekka inn på hotellet, var å ta oss ein times joggetur i moderat tempo rundt om i Trondheims gater. Då me hadde jogga nokon minutt kom me til ein skikkeleg monsterbakke, så me måtte roe ned tempoet. I løpet av turen bestemte me oss for å jogga opp på ein bakketopp, for å få nyte godt av den nydelege utsikten som venta oss på toppen. Me såg halve Trondheim, synd me ikkje hadde kamera med!

Etter ein rask dusj og litt restitusjonsmat, var me klar for et to timers teorikurs. Kurset starta med at alle fortalte litt om seg sjølv, sidan me skulle vera ilag heile helga, så er det kjekt å vite litt om resten. Det blei stilt spørsmål ved ka ein god aktivitetsleder er, og me fekk mange gode svar på det. Ein god aktivitetsleder skaper blant anna trygghet, trivsel og idrettsglede, er tålmodig og samarbeidar godt med foreldra. Me lærte også blant anna om idrettens barnerettigheter, barns utvikling, at ungane ikkje skulle stå i kø på trening, og at leik og moro er viktigare enn teknikk for dei yngste.

Det neste på programmet var et felles foredrag for alle kursa. Helge Gudmundsen hadde fordrag om "Sett og verdsatt - ein fortelling om livsglede og menneskeverd". Helge Gudmundsen har vert trenar for fotballaget Flatås Lions i 14 år. Laget består berre av funksjonshemma personar. Dette var et veldig rørande foredrag om korleis han blei trenar for laget, og ikkje minst kvifor han ikkje vil/kan gi seg som trenar for Flatås Lions.

Middagen på hotellet bestod av ein tre retters middag. Etter middag møtes alle til sosialt samvær, der kortspel stod i fokus, og da særlig Presidenten.

Lørdag:

Klokka åtte neste dag stod Norges beste frukost på programmet, forventningane mine blei innfrid. Med ein gang frukosten var ferdig bar det rett til Ranheimshallen med buss. I Ranheimshallen var det i hovudsak leik og moro som stod på programmet. Me starta med oppvarming (naturlig nok), der me hadde forskjellige typer tikken, Pølse i brød, doktortikken, haien kommer (bilmekanikaren kommer), snipp og snapp osv. Vidare hadde me ti forskjellige typar stafett, Lengde og spydkast.


Aktivitetslederkurs i bakgrunnen, spydkast for ungdomstrenerkurset foran.


Foto: NFIF Eg, Trygve og Vebjørn i Ranheimshallen

Etter ein rask lunsj fekk me i oppgave å sette opp et timers program for 20 unger i alderen 6-10 år. Det var fire grupper med kvar sin øvelse som tema for økten, lengde, høgde, kast og løp. Min gruppe hadde lengde som tema. Då gruppene hadde laget kvar sitt program var det klart for å presentere det for dei andre gruppene.


Foto: NFIF

Den siste timen før åpent regionsmesterskap skulle begynne i Ranheimshallen, fekk me ein innføring i Team Athletic, som eg sjølvsagt har deltatt på før. Team Athletic er ein lagskamp med friidrettsøvelser/øvelser som kan forbindes med friidrett. Kule, frekvenshopp, hinderstafett, sprintstafett og balanse for å nevne noko. Mitt lag vant Team Athletics (!). Heilt til slutt hadde me litt teori, der me gjekk igjenom barneidrettsbestemmelsene og øvelsesutvalg for dei forskjellige aldrar. Når det gjelder stevnet, deltok eg i lengde, og satte ny innandørspers med 5,25 meter (har 5,52 meter utandørs) etter 5-6 (?) lange timar med leik og moro på kurset.


Foto: NFIF Fødestilling


Foto: NFIF "Nils Arne Eggen"

På kvelden blei me latterlig inspirert av ein trønder. Ein god Nils Arne Eggen kopi holdt foredrag om ledelse og korleis han leda Rosenborg. Det var humor på høgt nivå, framført med Eggen stemme. Deretter spiste me felles middagbuffèt.


Buffèt


Dessert

Etter ein meget god middag, venta det quiz, bingo og meir i regi av norsk friidretts ungdomskomitè. Resten av kvelden gjekk i grove trekk med på å spele kortspel, som presidenten.


Mine bingobrett, mangla berre nr 22.

Søndag:

Søndag morgen starta med Norges beste frukost og etter det ungdomssamling for alle deltakerene på kompetansehelgen under 25 år. Der fekk me oppgåver i grupper, der me skulle sjå på ungdomskomiteens oppgåver, og velge nytt styre i Fifuk. I tillegg fekk me informasjon om Ung:lederutdanningen. Før me forlot idylliske Rica hotel Nidelven, fekk me ein solid lunsjbuffèt.

 

Takk for ein faglig, spennende og hyggelig helg i Trondheim!


 

3 kommentarer

Ingeborg Gulla

01.02.2011 kl.22:28

moro

Torsken

01.02.2011 kl.22:58

Heftig shit det der

Trygve FM

06.02.2011 kl.02:10

Kjempe, Kjetil! Du e best!

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

22, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på HiB. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner.

Kategorier

Arkiv

hits