Ferie på Gran Canaria!

  • 28.07.2010 kl.02:00 i Blogg
  • Éin hyggelig kommentar Instagram
Som mange av dere allerede veit, så befinner eg meg nå på Gran Canaria saman med familien, nærmare bestemt Puerto Rico. Her har eg vert sidan 21. juli, og reiser heim til Norge i morgen (28. juli). Hotellet vårt er det vakre Marina Suites. Det har vert ein fantastisk ferie, med mykje bading og solings. Minigolf, tennis og trening har det også blitt tid til.

Maten har vert upåklageleg. Big Horn Steak House blei besøkt heile 2 dagar, og det er absolutt verdt det. Les nederst i innlegget om ein liten ting ang. Big Horn Steak House. Ellers kan eg nevne middagsbuffet på hotellet og tapaskveld med quiz på Restaurante La Bolera. Eg var 1 riktig svar unna å vinne quizen :(. Tapas består av sju små rettar. Dei fleste andre som deltok på tapaskvelden som Ving arrangerte var danskar, men det var også nokon andre nordmenn og svenskar. Tapaskvelden kan anbefalast!

Eg har gjennomført heile 11 treningsøkter på 6 dagar. I tillegg kjem ei økt i bassenget kvar dag. Kvar morgen har eg jogga ut til stranda på Amadores, etterfulgt av ei rekkje styrkeøvelsar (diverse situps, pushups, planken, diagonalheving ++), og alt dette blei gjort før frukost. Seinare på dagen har eg hatt ei litt meir krevande økt. På desse øktene har det gått i intervalltrening, bakkeløp og trappespenst.

Bilder frå turen:


Utsikten frå terrassen, med blant anna stranda.


Utanfor Big Horn Steak House første kvelden.


Meg i fint driv på ei av morgenøktene.


Ei av intervalløktene. Noko seier meg at eg ikkje holdt fartsgrensa der, hehe...


Bassengområdet på hotellet.


Stranda på Amadores.


Amadores.


Big Horn Steak House.


Minigolf.


Bassenget by night.

Dagens bloggjest utgår dessverre i dag.



I dag kan eg glede dere med 2 maskin vitser!!!

Dagens "Maskin" vitser:

- Hvorfor ville ikkje Drillo kjøpe huset?
- Fordi Åge Hareide

To Turgåere hadde gått seg vill i skogen.
- Det er merkelig, sa den eine. Her skulle det ha vert ein landevei.
- Da har det kanskje vert landeveisrøvere på ferde, svarte den andre.



Big Horn Steak House:
Da me var på Big Horn Steak House, fekk me ein rabattkupong på 10% til neste besøk. Denne kan berre brukast på Big Horn Steak House Puerto Rico og må brukast innan 1. oktober, dermed vil ikkje eg ha bruk for den meir. Så eg lurte på om nokon av dere lesere skal eller veit om nokon som skal reise til Gran Canaria før 1. oktober. Isåfall er det berre til å ta kontakt med meg, så skal du få gleden av den.

Én kommentar

Torgers

28.07.2010 kl.13:53

Ser ikkje Frode på bildena:( Sprang han i fra deg?

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

22, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på HiB. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner.

Kategorier

Arkiv

hits