Fantastiske resultater og ei lang heimreise, litt av ein kombinasjon!

  • 14.07.2010 kl.02:53 i Blogg
  • 7 hyggelige kommentarer Instagram
Minst 3 barrierer blei brutt lørdag 10. juli. Den første kom i spyd, og den stod eg sjølv for, der eg for første gang kasta over 50 meter. Den andre kom på 800 m, der Vebjørn kom seg under 2 minutt. Den tredje kom på 200 m, der Erlend kom seg under 23 sek. Kan også nevna at samtlige frå Osterøy IL fekk årsbeste i minst 1 øvelse.


På vei til bussen første konkurransedag.


Resultater lørdag 10. juli

  • Stig: 200 m 23,93w 4. plass
  • Kjetil: Spyd 50,15 m 4. plass
  • Vebjørn: 800 m 1.59,38 4. plass
  • Erlend: 200 m 22,99 12. plass
  • Markus: 200 m 22,59w 1. plass
  • Martin: 200 m 22,48 7. plass

w = for mykje medvind


Meg i aksjon i spyd, der lengste kastet blei 50,15 m og ny pers.


Nok et spyd bilde, dette frå siste kast.


Vebjørn passerer 400 m på sin 800 m.


Erlend i aksjon på 200 m. Ein kan sjå Martin til høgre i bildet.


Etter første konkurransedag, tok me oss ein tur ned på "Tropical Beach", og sidan me var så snille spanderte trenaren vår Arne kuleis på alle saman! Kjempe god is :D Etter ein liten dukkert, var det tid for å gå heim til Hotell Tornet. På vegen heim var me innom ei pizzasjappe, der me bestilte tre pizza. Så bar det rett til hotellet og bronse finalen i VM, mellom Tyskland og Uruguay.


Martin etter ein dukkert på Tropical Beach.


Resultater søndag 11. juli


  • Stig: 100 m 11,85 5.plass
  • Kjetil: Diskos 32,50 m 7. plass
  • Vebjørn: 400 m  52,97 16. plass og 100 m 12,32
  • Erlend: 400 m 51,77 12. plass
  • Markus: 400 m  50,46  6. plass og 100 m 12,01
  • Martin: 400 m 50,76 9. plass og 100 m 11,56

Markus i kamp om seieren i heat 2 på 400 m, og inn til kjempe pers på 50,46.



400 m første sving. Fra venstre: Vebjørn, Martin og Erlend.


Link for øvrige resultat: Öresundspelen


Heimreisa, frå fly til interrail gjennom Sverige

Tenker du har gledet deg vilt til denne delen av innlegget, ikkje nødvendigvis fordi det er den desiderte lengste delen, men fordi det er den mest spennende. I løpet av heimreisa skjedde det veldig mykje på kort tid. Det heile begynte med at eg og tre andre ikkje rakk ferja frå Helsingborg (Sverige) til Helsingør (Danmark). Dei tre andre rakk ikkje ferja pga. at dei kjøpte mat på Mc Donald`s (som forøvrig trenaren vår hadde advart mot). Grunnen til at eg ikkje rakk ferja, er egentlig ikkje relevant, men dog veldig komisk. Eg viste feil billett, nærmare bestemt ein bussbillett som eg tilfeldigvis hadde i samme lomme som den riktige billetten.

Det at me ikkje rakk ferja, gjorde egentlig ingenting, sidan me fremdeles hadde god tid til flyet. Problemet oppstod idet me skulle ta toget vidare til København, toget var nemlig blitt kansellert. Dermed tapte me ytterligare 20 min (tapte også 20 min på ferja). På dette tidspunktet gjekk det for alvor opp for oss at me kanskje ikkje ville rekka flyet. I løpet av togreisa tenkte me ut alle tenkelige alternativer, dersom me skulle vera så uheldig å ikkje rekka flyet. Dessverre for alle lesarar, vil eg ikkje gå i detalj rundt dette.

Toget dei tre andre som rakk ferja tok, måtte stoppe 30 min på København Hovedstasjon, som er ein av dei siste stasjonane før København Lufthavn Kastrup. Dermed blei det klart at også dei, ville slite med å rekke flyet. Me derimot, slapp unna ein forsinkelse på 10-15 min. Flyet skulle gå kl. 22:15, mens me ankom Kastrup kl 22:06. Me sprang så me fekk melkesyre oppover trappene, men rakk dessverre ikkje flyet, det gjorde heller ikkje dei tre andre som rakk ferja. Dermed blei alle sju gjenforent. Det første me gjorde var å prøve og bestille plass på flyet som skulle gå kl. 22:45 til Oslo Lufthavn Gardemoen. Me blei møtt av ei dame som sa at dei stengte no, og at me måtte komme tilbake kl 05:15 neste dag. Resten av tiden på flyplassen blei blant anna brukt til å sjå VM finalen i fotball.

Me bestemte oss omsider for å reise tilbake til Helsingborg og reise gjennom Sverige til Norge. Alternativene var få og dårlige. Rundt kl 23:20 kasta me oss innpå toget tilbake til Helsingør, og det uten billetter! Sidan forsinkelsen til Kastrup var grunnen til at me ikkje rakk flyet, ville det vere rett og rimelig å få reise gratis tilbake. Uansett så kom det aldri nokon konduktør, så den problemstillingen fant me aldri ut av. Dermed kom me oss til Helsingør (Igjen), og tok ferja over til Helsingborg (igjen).


Det at me ikkje rakk flyet, tok dei fleste med et smil.


Under dette treet sov me, say no more!

Vel framme i Helsingborg, fant me ut at neste tog til Gøteborg gjekk kl. 05:53, klokka var då rundt 00:30. Då klokka var rundt 01:30, la me oss under et tre i ein park. Der fekk me besøk av både piggsvin og kattar i løpet av natta. Då klokka nærma seg 05:00 var alle våkna. Me gjekk ned igjen til togterminalen, for å få i oss litt mat. Det viste seg at kiosken åpna kl 05:45, så det blei rimelig hektisk med tanke på å rekka toget som gjekk 8 min etter. Heldigvis gjekk det bra og me kom oss alle på toget til Gøteborg. Det var ikkje mykje mat me fekk, men det holdt sulten borte enn så lenge.

Framme i Gøteborg, litt over klokka åtte benytta dei fleste seg av muligheten for å få i seg litt drikke. Planen var då å kjøre leiebil opp til Oslo. Men med ein pris på 5,000 kr per bil, var det uaktuelt. Istaden tok me toget kl 08:47 til Strømstad. Også her blei det veldig travelt, sidan beslutningen blei tatt to min før avgang. Toget stoppa på et lite sted i nærheten av Strømstad, der me blei geleida inn på to bussar som kjørte oss til norskvennlige Strømstad. I gatene i Strømstad var det fleire norske bilar enn svenske^^. Me ankom forresten rundt kl 11:30, og me inntok et bedre måltid der. Snill som eg er, spanderte eg drikke på alle i reisefølget :)

Etter at alle var gode og mette, fortsatte me vår interrail gjennom Sverige. Me tok buss frå Strømstad kl 13:10, ti min forsinka. Endelig fekk me kvila oss på skikkelige seter, så under bussturen blei det mykje tid til soving. Rundt kl. 14:45 ankom me Oslo. Me hoppa på toget til Lillestrøm, ja du leste rett. Egentlig skulle me reist med toget til Lillehammer, men enkelte hadde visst fått for lite søvn. Tidligare på denne turen hadde ein person nevnt noko som "no kan da ikkje bli verre". Sjølvsagt blei det jo det, då toget til Lilllehammer vart forsinka rundt et kvarter. Me kom oss på toget, og gjekk av på Oslo Lufthavn Gardemoen.

På Gardemoen bestilte me seter på det neste flyet til Bergen. Då hadde me reist i ca. 10 og ein halv time. Me fekk plass på 18:20 flyet.


Få minutter etter at 50 meteren var et faktum. Dette bildet er forøvrig ein del av dagens motto!


Dagens Motto:
Smil til verden, så smiler verden til deg!

Dagens Bloggjest:
Frå og med neste innlegg, vil det vere dagens bloggjest. Der vil både kjente og ukjente fjes dukke opp.

Dagens "Maskin" vits:
Utgår dessverre i dag også, men kjem garantert med i neste innlegg ;)

7 kommentarer

Malén Wallentinsen

14.07.2010 kl.03:02

bra blogg

Huun

14.07.2010 kl.03:20

Bra skrevet!

Ser at du lærer av ditt bloggforbilde (meg)

Forventer å være bloggjesten din snart!

Markolio

14.07.2010 kl.11:10

Skal vel ikkje fortelja KVIFOR du måtte spandera brus på heile gjengen? Høhø..

Torgers

14.07.2010 kl.12:35

hehe faen for ein gjeng med luringa på tur:P Men de fekk no sett finalane då;) å får vel gratulera folke med persane og........STÆÆRKT ! ! !

Mega Large Kompressor

15.07.2010 kl.01:45

Bra blogg maskin. Underholdende! Ser fram til ukentlig update!

Uber Mega Large Kompressor

15.07.2010 kl.22:59

Plystret du på nokko fine jenter på heimreisen då?

c. hetland

17.07.2010 kl.00:46

flott blogg du har laget deg. men for å få lesere som gidder å følge med, kutt ned på teksten. skriv en generell gjennomgang av det vil vil få fram og trekk ut en eller to små episoder/ting du vil utdype :)

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

22, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på HiB. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner.

Kategorier

Arkiv

hits