Rapport Hardanger Friidrettsfestival

  • 04.07.2010 kl.23:20 i Blogg
  • 5 hyggelige kommentarer Instagram
Det nærmer seg med stormskritt et og et halvt år sidan sist innlegg, men dei som venter på noko godt venter ikkje forgjeves ;)

Hardanger Friidrettsfestival blei arrangert i Strandebarm, 3 og 4. juli 2010. Stevnet starta med nokon få regndråpar lørdag(5 min), ellers var det fint vær og sol. Det var med andre ord fantastiske forhold for å persa! :)

Eg var med på følgjande øvelsar:
  • Høgde
  • Diskos
  • 100 m
  • Kule
  • Spyd
  • 3000 m

No lurar du sikkert på korleis det kan ha seg at eg er med på så "forskjellige" øvelsar som 100 m og 3000 m?

Vel, det kan du få gruble over, heilt til eg eventuelt kjem med svaret i et seinare innlegg...^^

Høgde:
1.60 m Gull
Tangering av pers, og et greit resultat. Brukte berre 2 av 3 mulige forsøk på 1,65, sidan eg måtte springa 100 m .

Diskos:
35,11 m (1,75 kg) Gull
Pers og over junior NM kravet. Andre øvelsen eg klarer junior NM kravet til (har klart det i spyd også).

100 m:
12,78 Bronse
8 hundredeler bak pers. Var ikkje heilt i form etter høgden, kjente noko i beina.

Kule:
10,15 m (6 kg) Bronse
Et godt stykke bak persen frå KM på 10,69 m...

Spyd:
48,44 m (800 g) Gull
Et heilt greit resultat, der eg knuste min egen banerekord frå i fjor (41,57 m), men det skulle vise seg at eg ikkje fekk beholde den etter konkurransen. Mats (senior) frå samme klubb klinte til med et siste kast på heile 49,65 m, dermed er han den lykkelige eier av banerekorden, enn så lenge...
I denne konkurransen viste eg stabillitet med heile 3 kast over 47,70 m, så det blir artig å sjå om persen min på 49,74 m ryker i Helsingborg neste helg :)

3000 m:
10.30,41 Sølv
Som venta blei persen min (12,07) frå 24 kampen i fjor, regelrett smadra. Etter ein dårlig start, der eg kom sist av samtlige i feltet ut av første sving, klarte eg å ta igjen over halve feltet på dei neste 40 m. Det var bra med vind inne på stadion då løpet pågjekk, og sidan eg store delar av løpet måtte dra ei gruppe på 3-4 løparar, blei det veldig tungt på slutten. Før start hadde eg budsjettert med ei tid rundt 10,15, men det var et greit resultat likevel.


Link til Strandebarm ILs nettsider for øvrige resultat:

http://idrett.speaker.no/organisation.asp?OrgElementId=25377


Neste stevne:

Øresundspelen 9-11. juli i Helsingborg, Sverige.
Då reiser Osterøy IL bort med heile 6 aktive, så det kan bli veldig kjekt :D


Dagens "maskin" vits:

Det var ei appelsin og et eple som skulle inn på ein bar. Appelsinen kom inn, men ikkje eple, fordi vakten var eplenektar.

5 kommentarer

FAa91

05.07.2010 kl.20:16

Gratulerer med fine resultater i Strandebarm. Venter nytt innlegg etter "Öresundspelen"!

Markus

05.07.2010 kl.22:35

Kjemperesultater! Gleder meg til Öresundsspelen :)

Kjetil

05.07.2010 kl.22:53

Ein skal ikke sjå bortifrå at det blir et nytt innlegg etter Öresundsspelen, dersom det skulle vera interesse for det ;)

Trygve

05.07.2010 kl.22:55

Kjempe innlegg, Kjetil. Håpe at du blir ein bloggar som bloggar minst et par ganga i vekå

SiR

10.07.2010 kl.09:02

Du imponerer fortsatt Maskin med gode resultat i svært ulike øvelser - blir ikkje mange som slår deg på 24-kampen i år!! Men endå meir imponert over Mats sitt resultat, du må klina til med 50m no å setta han på plass!!

Skriv en ny kommentar

Kjetil Stokke

Kjetil Stokke

22, Osterøy

Spydkaster, PB: 52,70m. Studerer Dataingeniør på HiB. Bloggen vil for det meste handle om trening og stevner.

Kategorier

Arkiv

hits